Bilete

Alle bileta i AGURK. Av Fotojournalist Bent Are Iversen.

Nord(fjord)mannen

Millom Bakkar og Berg ut med Havet heve Nordmannen fenge sin enebærbusk, enebærbusk, enebærbusk. Så går vi rundt om en enebærbusk, giv eg var i eit varmare Land! Han saag ut paa det baarutte Havet; der var ruskutt aa leggja ut paa. Så gør vi såd’n, når vi tørrer vort tøj, tidlig en søndag morgen. Men naar Næter er ljosa som Dagar, kann han ingenstad vænare sjaa. (Bilde: Tenning av julegr… Les heile

VEL KOST

Dette er Mus. Han er ein tøyrotte, snart fire år gammal. Han har vore til Amerika tre gonger og i vaskemaskina sikkert hundre gonger. Han manglar eit øyre og det meste av innmaten, og pelsen er pjuskete. Han har vore mista tallause gonger: På flyplassar og Flåmsbana, i sandkasser og leikeplassar, på gata og i alle slags butikkar. Han har til og med komme seg ned i bosset og nesten til Hesjedalen. … Les heile

Haustjamndøger. Og litt til.

Dei gamle kulturane i Mellom-Amerika var svært opptekne av rørslene til sola, stjernene og månen. Dei reiste enorme og imponerande byggverk for å hylle himmellekamane. På særskilde merkedagar i løpet av året fall lyset då på heilt spesielle måtar på utvalde stadar. Ved å studere korleis skuggane fall på desse byggverka til forskjellige tider, kunne dei lage svært nøyaktige kalendrar. I Naustdal de… Les heile

SKUMLASTE

Det er mørke natta. Stilt i dalen. Brått anar ein nokre tonar i det fjerne. Dei kjem att. Dei kjem nærmare. Og nærmare. Og nærmare! Da DA ta da… Da DA ta ta… DA dada-dada dada-dada DAAAA da! Dei underleg velkjende tonane gjallar ut over den mørke dalen og skrålar med ekko. Så blir det stilt att. Mistenkeleg stilt. Før dei dukkar opp på ny, ein helt annan plass, enno nærmare. Lyden er så høg at det… Les heile

(Venstre)Handarbeid?

(VENSTRE)HANDARBEID?: NÅR ein har strikka og streva, seine kveldar i dårleg lys. NÅR ein har håpa og vona at garnet, som ikkje finst å kjøpe meir, skal rekke heilt fram. NÅR ein har tenkt på og gleda seg til ho mor skal få noko å varme henda sine i. DÅ er det gjerne, ein oppdagar at ho mor ikkje har to venstrehender. Foto: Bent Are Iversen

SAMTIDSARKEOLOGI

Samtidsarkeologi: å oppdage spor etter nær, men like fullt gløymt fortid. På funnstaden, ein stad på Øyrane i Førde, ser vi eit nesten komplett sett med duskemokkasinar, tennissokkar og runde solbriller med skylappar i skinn. Truleg har det opphaveleg høyrt til både steinvaska dongeribukse, kvit skjorte og skinnvest. Det ikkje godt å fastslå om settet har vore brukt til kvardags eller fest, men t… Les heile

Madrasstak

Har Førde fått eigen madrassa? På eit møbel- og madrasslager i Førde heng det fullt av madrasser i taket. Dess større mysteriumet er, dess enklare er ofte løysinga: Hallen er ein gammal gymsal, og madrassene var eit tiltak for å dempe akustikken. Ei enkel, praktisk og sunnfjordsk løysing med andre ord. Foto: Bent Are Iversen.

GRAS

“Du ska itte trø i graset. Spede spira lyt få stå. Mållaust liv har og e mening, du lyt sjå og tenkje på.” (Einar Skjæraasen 1954). Foto: Bent Are Iversen

FISK

I Nord-Fron finst bjørnsonprofilen. I Selje finst barmen. Og i ein skog på Kvammen i Askvoll finst denne gapande fisken. Foto: Bent Are Iversen

Høgt heng dei

Det er to slags individ som stortrivst øvst i ei kjempediger straum-mast. Kråkene, og kroatane. Her er dei i sving høgt over Daleelva i Høyanger (i bakgrunnen). Foto: Bent Are Iversen

Flyndre til fjells

Ein dinosaur? Ein mekanisk skorpion? Nei, denne innretnina heiter faktisk Flyndre og nyttast for å tre straumlinjer inn på master. Foto: Bent Are Iversen

LINJEDRAGAR

Fire kroatiske krabatar på høyangerfjella. Det nye og mykje omtala 420kv-linjenettet vert for tida drege, med både helikopter, dieselvinsj og handemakt. Foto: Bent Are Iversen

Å OPERA

Når La Traviata skal setjast opp på bygda, nærare bestemt på Åmot operagard, er bunadar eit sjølvskrive val. Og dersom dei utanlandske hovudrolleinnehavarane har gløymt sin, ja då kan ein alltids låne. Her er det islandske Hulda Björk Gardarsdottir (Violetta) som har fått låne av Anne Viken (bak). Foto: Bent Are Iversen

Opera

…Og litt seinare på kvelden. Foto: Bent Are Iversen

USTAND

Ombord i ferga som trafikkerer Dale-Eikenes. Vaktmesteren har tydelegvis gått i land for godt. Foto: Bent Are Iversen

SKYGGE

Ombord i ferga som trafikkerer Dale-Eikenes. I det fjerne tronar brua som legg an til å gjere ferga arbeidslaus. Foto: Bent Are Iversen

GLEDE

Første del av brusambandet vert opna med fanfare og fest. Foto: Bent Are Iversen

SKALA

Medan brua gjer seg klar, går ferga sin vande gang i bakgrunnen, inntil vidare. Foto: Bent Are Iversen

TÅKEHEIMEN

Den dagen brua vart ei bru, ved at det siste bruelementet kom på plass, var det tjukk skodde over Dalsfjorden. Foto: Bent Are Iversen

LØFTEMONSTER

Her ser vi eit av bruelementa som kjem på plass. Foto: Bent Are Iversen
Annonse