Viser arkivet for november, 2013

Dette er Mus. Han er ein tøyrotte, snart fire år gammal. Han har vore til Amerika tre gonger og i vaskemaskina sikkert hundre gonger. Han manglar eit øyre og det meste av innmaten, og pelsen er pjuskete. Han har vore mista tallause gonger: På flyplassar og Flåmsbana, i sandkasser og leikeplassar, på gata og i alle slags butikkar. Han har til og med komme seg ned i bosset og nesten til Hesjedalen. Dramatikken er like stor kvar gong han forsvinn, og gjensynsgleda minst like stor når den jamgamle eigaren får bestekosen att.
I skrivande stund, sit Mus endå ein gong på eit fly til Amerika. Kva farar og eventyr ventar der skal tru? Foto: Bent Are Iversen

Dei gamle kulturane i Mellom-Amerika var svært opptekne av rørslene til sola, stjernene og månen. Dei reiste enorme og imponerande byggverk for å hylle himmellekamane. På særskilde merkedagar i løpet av året fall lyset då på heilt spesielle måtar på utvalde stadar. Ved å studere korleis skuggane fall på desse byggverka til forskjellige tider, kunne dei lage svært nøyaktige kalendrar. I Naustdal derimot, er det rett nok sjeldan ein ser korkje sol eller måne, men nøyaktig tre veker etter haustjamndøgn så såg det faktisk slik ut under riksvegbrua. Det er då noko. Foto: Bent Are Iversen

Det er mørke natta. Stilt i dalen. Brått anar ein nokre tonar i det fjerne. Dei kjem att. Dei kjem nærmare. Og nærmare. Og nærmare! Da DA ta da… Da DA ta ta… DA dada-dada dada-dada DAAAA da! Dei underleg velkjende tonane gjallar ut over den mørke dalen og skrålar med ekko. Så blir det stilt att. Mistenkeleg stilt. Før dei dukkar opp på ny, ein helt annan plass, enno nærmare. Lyden er så høg at det stikk gjennom tjukke veggar og heilt inn i hjernebarken. Brått blir det stilt att. Så er det der igjen! Som eit tivoli i sakte fart som held deg fanga i fleire timar. Av alle skumle ting i natta er isbilen den desidert skumlaste. I alle fall dersom du spør min tre år gamle son, som bokstaveleg tala blir stiv av skrekk kvar gong den dukkar opp. Foto: Bent Are Iversen

Annonse