Det er to slags individ som stortrivst øvst i ei kjempediger straum-mast. Kråkene, og kroatane. Her er dei i sving høgt over Daleelva i Høyanger (i bakgrunnen). Foto: Bent Are Iversen

Ein dinosaur? Ein mekanisk skorpion? Nei, denne innretnina heiter faktisk Flyndre og nyttast for å tre straumlinjer inn på master. Foto: Bent Are Iversen

Fire kroatiske krabatar på høyangerfjella. Det nye og mykje omtala 420kv-linjenettet vert for tida drege, med både helikopter, dieselvinsj og handemakt. Foto: Bent Are Iversen

Når La Traviata skal setjast opp på bygda, nærare bestemt på Åmot operagard, er bunadar eit sjølvskrive val. Og dersom dei utanlandske hovudrolleinnehavarane har gløymt sin, ja då kan ein alltids låne. Her er det islandske Hulda Björk Gardarsdottir (Violetta) som har fått låne av Anne Viken (bak). Foto: Bent Are Iversen

…Og litt seinare på kvelden. Foto: Bent Are Iversen

  • LØFTEMONSTER — Her ser vi eit av bruelementa som kjem på plass. Foto: Bent Are Iversen
  • SKALA — Medan brua gjer seg klar, går ferga sin vande gang i bakgrunnen, inntil vidare. Foto: Bent Are Iversen
  • GLEDE — Første del av brusambandet vert opna med fanfare og fest. Foto: Bent Are Iversen
  • TÅKEHEIMEN — Den dagen brua vart ei bru, ved at det siste bruelementet kom på plass, var det tjukk skodde over Dalsfjorden. Foto: Bent Are Iversen
  • USTAND — Ombord i ferga som trafikkerer Dale-Eikenes. Vaktmesteren har tydelegvis gått i land for godt. Foto: Bent Are Iversen
  • SKYGGE — Ombord i ferga som trafikkerer Dale-Eikenes. I det fjerne tronar brua som legg an til å gjere ferga arbeidslaus. Foto: Bent Are Iversen

Er dette sunnfjords mest høgteknologiske toalett? På det nye rådhuset i Førde. Foto: Bent Are Iversen

In vino veritas, heiter det. I vinen ligg sanninga. I stridssaka om fjorddenponi derimot, kan ein godt seie “In Førdefjorden Veritas”. Lek og lært stridast; Er det straum i fjorden eller ikkje? På bildet ser du Norske Veritas som deponerer super-avansert måleutstyr utanfor Vevring. Denne juletrefot-lignande sensoren skal bu på fjordbotnen i eit heilt år, og vonaleg få med seg alt som skjer. Foto: Bent Are Iversen.

Lunden på Loffen. Når gamle Lunden barnehage flyttar inn i enda gamlare Loffen barnehage, så er det i alle fall med von om nye fine lokaler ein gong i framtida. Foto: Bent Are Iversen

Golf er godt for gamle gutar. Sjå min video om pensjonistgolf på Vassenden. Foto/Video: Bent Are Iversen

Annonse