Agurken flyttar

Agurken har diverre tørka inn. For å nå eit breiare publikum, større bileter og betre funksjonalitet byttar eg no til engelsk (så godt det let seg gjere) og publiserer fra no av mine personlege bilder på:

boredinthefjord.no

Bilda her på agurken kjem framleis til å verte liggande, til nød med sporadiske oppdateringar.
Helsing Bent Are.

Millom Bakkar og Berg ut med Havet heve Nordmannen fenge sin
enebærbusk, enebærbusk, enebærbusk. Så går vi rundt om en enebærbusk,
giv eg var i eit varmare Land!
Han saag ut paa det baarutte Havet; der var ruskutt aa leggja ut paa.
Så gør vi såd’n, når vi tørrer vort tøj, tidlig en søndag morgen.
Men naar Næter er ljosa som Dagar, kann han ingenstad vænare sjaa.

(Bilde: Tenning av julegran på Raudeberg i Vågsøy førre laurdag.
Tekst: Fritt etter Aasen og Tvermose-Thyregod.) Foto: Bent Are Iversen

Dette er Mus. Han er ein tøyrotte, snart fire år gammal. Han har vore til Amerika tre gonger og i vaskemaskina sikkert hundre gonger. Han manglar eit øyre og det meste av innmaten, og pelsen er pjuskete. Han har vore mista tallause gonger: På flyplassar og Flåmsbana, i sandkasser og leikeplassar, på gata og i alle slags butikkar. Han har til og med komme seg ned i bosset og nesten til Hesjedalen. Dramatikken er like stor kvar gong han forsvinn, og gjensynsgleda minst like stor når den jamgamle eigaren får bestekosen att.
I skrivande stund, sit Mus endå ein gong på eit fly til Amerika. Kva farar og eventyr ventar der skal tru? Foto: Bent Are Iversen

Dei gamle kulturane i Mellom-Amerika var svært opptekne av rørslene til sola, stjernene og månen. Dei reiste enorme og imponerande byggverk for å hylle himmellekamane. På særskilde merkedagar i løpet av året fall lyset då på heilt spesielle måtar på utvalde stadar. Ved å studere korleis skuggane fall på desse byggverka til forskjellige tider, kunne dei lage svært nøyaktige kalendrar. I Naustdal derimot, er det rett nok sjeldan ein ser korkje sol eller måne, men nøyaktig tre veker etter haustjamndøgn så såg det faktisk slik ut under riksvegbrua. Det er då noko. Foto: Bent Are Iversen

Det er mørke natta. Stilt i dalen. Brått anar ein nokre tonar i det fjerne. Dei kjem att. Dei kjem nærmare. Og nærmare. Og nærmare! Da DA ta da… Da DA ta ta… DA dada-dada dada-dada DAAAA da! Dei underleg velkjende tonane gjallar ut over den mørke dalen og skrålar med ekko. Så blir det stilt att. Mistenkeleg stilt. Før dei dukkar opp på ny, ein helt annan plass, enno nærmare. Lyden er så høg at det stikk gjennom tjukke veggar og heilt inn i hjernebarken. Brått blir det stilt att. Så er det der igjen! Som eit tivoli i sakte fart som held deg fanga i fleire timar. Av alle skumle ting i natta er isbilen den desidert skumlaste. I alle fall dersom du spør min tre år gamle son, som bokstaveleg tala blir stiv av skrekk kvar gong den dukkar opp. Foto: Bent Are Iversen

(VENSTRE)HANDARBEID?:
NÅR ein har strikka og streva, seine kveldar i dårleg lys.
NÅR ein har håpa og vona at garnet, som ikkje finst å kjøpe meir, skal rekke heilt fram.
NÅR ein har tenkt på og gleda seg til ho mor skal få noko å varme henda sine i.
DÅ er det gjerne, ein oppdagar at ho mor ikkje har to venstrehender. Foto: Bent Are Iversen

Samtidsarkeologi: å oppdage spor etter nær, men like fullt gløymt fortid. På funnstaden, ein stad på Øyrane i Førde, ser vi eit nesten komplett sett med duskemokkasinar, tennissokkar og runde solbriller med skylappar i skinn. Truleg har det opphaveleg høyrt til både steinvaska dongeribukse, kvit skjorte og skinnvest. Det ikkje godt å fastslå om settet har vore brukt til kvardags eller fest, men truleg begge deler. Settet er datert til ein stad mellom då Bobbysocks vann Grand Prix og OL på Lillehammer. Foto: Bent Are Iversen

Har Førde fått eigen madrassa?
På eit møbel- og madrasslager i Førde heng det fullt av madrasser i taket. Dess større mysteriumet er, dess enklare er ofte løysinga: Hallen er ein gammal gymsal, og madrassene var eit tiltak for å dempe akustikken. Ei enkel, praktisk og sunnfjordsk løysing med andre ord. Foto: Bent Are Iversen.

“Du ska itte trø i graset. Spede spira lyt få stå. Mållaust liv har og e mening, du lyt sjå og tenkje på.” (Einar Skjæraasen 1954). Foto: Bent Are Iversen

I Nord-Fron finst bjørnsonprofilen. I Selje finst barmen. Og i ein skog på Kvammen i Askvoll finst denne gapande fisken. Foto: Bent Are Iversen

AGURK. Av Fotojournalist Bent Are Iversen

Følgt av 69 medlemmar.

Om det Artige, Generelle, Uinteressante, Rare og Kjedelege (AGURK). Til motsetnad frå det Aktuelle, Viktige, Informative og Sensasjonelle (AVIS).

Bildene må ikkje nyttast i andre samanhengar utan avtale.
COPYRIGHTED CONTENT. IMAGES MAY NOT BE USED IN OTHER PUBLICATIONS WITHOUT PERMISSION. Meir om sona

Origo AGURK. Av Fotojournalist Bent Are Iversen er ei sone på Origo. Les meir
Annonse

Nye bilder